HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

Overtredelsesgebyr frå Mattilsynet

Dersom produsentar ikkje held seg innanfor lovverket, eller ikkje følgjer opp vedtak som er fatta mot dei, kan Mattilsynet gi overtredelsesgebyr. Dette er ei økonomisk straff for den det gjeld, og det skal i tillegg verka avskrekkande for andre, slik at ikkje fleire gjer slike lovbrot.

Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

«Inngrodd horn okse, før flåing» og «Inngrodd horn okse»: Den eller dei som steller dyra burde oppdaga dette i tide og fått avverga at hornet voks inn att i skallen på oksen. Dette har gitt oksen unødig liding, og det er ikkje foreinleg med god dyrevelferd. Mattilsynet har gitt overtredelsesgebyr for å visa alvoret i saka, og for at det skal hindra andre i å oversjå slike hendingar.

Foto: Mattilsynet

Her i mitt område vert privatpraktiserande dyrlegar kalla inn til møte om lag ein gong i året til lokalt Mattilsyn der me vert orientert om aktuelle saker. Det var på dette møtet me vart gjort merksam på at bønder her i Vestland hadde vorte ilagt overtredelsesgebyr for å oversjå at ein okse hadde inngrodd halsband, og ein annan okse hadde horn som hadde vokse inn att i hovudskallen. Eg viser ikkje desse sakene fram for å henga ut desse to som har levert slike dyr til slakt, men for å orientera andre om at det er svært viktig å følgja med på at dyra har det så bra som råd, og at det vert slått hardt ned på viss ein overser slike unødige hendingar som fører til lidingar for dyra.

Følg alltid med på dyra

«Sår etter inngrodd halsbånd» og «sår og fortykket hud etter inngrodd halsbånd»: Her ser me bilete av sår på halsen til okse etter inngrodd halsband. Dette vart oppdaga av Mattilsynet sine kontrollveterinærar på slakteriet, og eigar fekk eitt overtredelsesgebyr på rundt 25 000 kroner for brot på dyrevelferdslova.

Foto: Mattilsynet

Eg trur at dei fleste som har hatt oksar eller ungdyr på bås, veit at desse dyra veks fort, og at halsbandet kan vera nesten for romsleg ei veka til nesten å bli for stramt i neste, men likevel så vert det ikkje sår «over natta», og dette bør ein fanga opp før det fører til unødig liding for dyr. Likeeins bør ein oppdaga viss eit horn veks inn att i huda på hovudskallen. Begge desse sakene kunne lett vore forhindra viss den som stelte dyra fulgte med og gjorde tiltak i tide, før dyra fekk skader.

Økonomisk straff

Desse skadene vart oppdaga på slakteriet av kontrollveterinærane til Mattilsynet, og begge sakene vart vurdert til å vera grovt aktlause. Alle som har dyr er pliktige til å følgja dyrevelferdslova der det står at dyrehaldar skal sikra at dyr får godt tilsyn og stell, og i tillegg skal mellom anna dyra vernast mot skader. I begge desse tilfella føreligg det brot på dyrevelferdslova, og for å forhindra at dette skjer igjen og for å visa alvoret i sakene, har Mattilsynet vedteke å gi desse overtredelsesgebyr på rundt 25 000 kroner kvar. Dette skal også verka preventivt på andre.

Be om råd og hjelp

Viss ein skulle vera uheldig å oppdaga at noko tilsvarande er i ferd med å skje, så ville eg tatt kontakt med lokal dyrlege. Dyrlegen kan saga av horn som er på veg til å gå inn i huda, og det er også hjelp å få for sårskader.

Dyr skal ikkje lida

Sjølv om dette er saker som ikkje bør skje, så hender det dessverre at dyra vert utsett for lidingar som lett kunne vore avverga dersom dei som steller dyra er merksame og følgjer med på korleis dyra har det. Produksjonsdyr er levande vesen som skal ha det så godt som råd den tida dei lever, og det er faktisk alle som driv med dyr sitt ansvar å passa etter dette. Viss ein ikkje etterlever bestemmelsane i dyrevelferdslova, så kan ein bli straffa med store overtredelsesgebyr.